KYRKJESUNDAGARRANGEMENT I PINSEHELGA AVLYST.
Me hadde vel alle håpa å kunna få leva som før , etter over eit år i unntakstilstand.  Diverre er ikkje smittesituasjonen slik at me kan det enno, og styret i Bygdalaget ser seg difor nøydde til å avlysa arrangementet for andre år på rad. Det er forferdelig trasig, men det ville vore verre å vera ansvarlege for å spreia smitten. Me ser alle fram til å få møta folk att, og Bygdalaget skal vera med å skapa trivsel i Åkra når smitten er under kontroll, og me alle er vaksinerte. Till dess: hald motet oppe, og ta vare på kvarandre! 

Styret